Sitat Opprinnelig postet av gaupe Vis post
Mista hovudlysa på bilen, så rekna med at tenningslåsen endeleg hadde gitt opp


Denne er drit å skifte, er ikkje enkelt å få tak på dei to skruane som skal til for å skifte, men med eit utval av forskjellige banneord og skrujarn, så kom den omsider ut. Men for å få det til, måtte instrumentpanelet ut, så var det like greitt å skifte turtellaren til den som skal stå der: bileter følger.

Montert Walbro pumpe i tanken, men fekk ikkje plass til sokken på når eg satte den i tanken, så må nok finne på ein annan patent der. Fjerna orginale straumen til pumpa og lodda inn den som følgte med pumpa. Prøvde å oppgradere jordinga også, men der virka ting litt for fast på toppen av armaturet, at eg var redd for å øydelegge det om eg herja for mykje med det. Skal ta å dra gjennom ny jord på siste uttaket til armaturen som er plugga igjen i dag, då burde i det minste pumpa få greitt med straum.





Så var planen å montere 984-pumpa, men her passa stort sett ingenting overeins. Dagens pumpe er litt over 50 mm i diameter, 984-pumpa er 60 mm, så må ha nytt klammer. Inngåande er lik slangetilkobling. Får sjå kva delar eg kan bruke frå 240 turbo. Er det nokon som har eit godt biletet av korleis pumpa er montert på 240 turbo?

Tilkobling til straum er også forskjellig, men det er ingen krise, der lagar eg berre nytt.

Elles så gjekk det over all forventning å få laust festearmaturen til pumpene, vrei ikkje av ein einaste skru



hvordan ordna du deg med den pumpa? Det går ikka an å bruke orginal pumpe i tanken og ei kraftigare uttafør?