Ut med gammalt ledningsnett, IMIV Ipod-grensesnitt og ryggekamera, og ein DAB-installasjon frå helvete.
Så no har eg igjen TV som ikkje tek inn nokon ting og FM-radio som berre tek inn bygderadioen ... Skal legge opp litt anna straumforsyning til DAB-radioen, så skal den få vere med. På ryggekameraet var kabelen av, heiv det like godt ut.
Tok såpass med tid å bytte ledningsnettet at eg sikkert kunne ha lodda det som var der, ikke vart det så billig frå Skandix heller.
Fekk bytta pluggane til nye Volvopluggar, dei Bosch Iridium-pluggane som stod der, satt så vanvittig at eg var redd for skade på toppen. Varmkøyring av motor, så slapp dei, mistenker at dei har stått der ei stund, har aldri opplevd dette på ei kvitblokk før.