1992 240 classic
* B230FX
*ABS
* kmstand 172 000
* komplette svarte lister, reint bortsett frå fangerlistene, som er orginal
* diffbrems
* skinnratt
* ein families bil (far og son)
* 100% orginal
* trelister
* skinndamask
* elektriske framruter
* sentrallås
* elektriske opererte og oppvarma speil
* levert ny på Isbergs i 92
Og elles det som er vanleg på 92 classic.
Fullstendig rett i karosseriet, ingen rust på dei slemme plassane som 240en får den, elles svært lite anna. Veldig kompakt og tight å køyre, heil og fin i både eksteriør og interiør. Bilen bær preg av veldig godt hold, men det viser at den ikkje har vore i bruk dei siste år og har stått ute.
Stakk først og fremst og såg på bilen, fordi eg trudde den var såpass dårleg at den var delebil-kandidat, men denne er veldig mykje bedre enn den andre eg har
Hadde også etterkvart litt planar, men no har Veronica forelska seg i bilen, og vil ha den som bruksbil, så då får det vel bli litt forhandlingar der
Det som først og fremst skal skje, er å skifte alt av væsker, alt at tenningsdelar, filter, generelt berre vedlikehald. Så skal bilen gjennom EU-kontroll, som eg mistenker går veldig bra med den her.
Og ikkje minst, skal bilen få ein skikkeleg shine, lakken trur eg er bra, så den treng berre litt hjelp til å sjå bra ut.
Kanskje skal den få lov til å vere ein konkurrent til sekse sin orginalbil?
Fleire bileter kjem i løpet av dagen tenker eg