I går våkna eg av at telefonen ringte. Det var to karar som sa at dei sto utanfor og var klare til å bjynna å skru. Eg heiv på meg klena og sprong ut, og det tok ikkje long tid før me var i gong. Bilen var heilt komplett når me starta, ingen av oss har skifta motor i denne typen bil før, dei to andre har ikkje skifta motor før i det heile tatt, men me fant no ut kva me måtte gjera. Først vurderte me om me skulle ta ut motoren og la girkassen stå på bilen, eller kanskje ta vekk girkassen først og so ta ut motoren. Men det regna, og sjølv om me hadde tak over oss rann det vatn inn under bilen, so det var lite triveleg der, so for å ligga der minst mulig bestemte me oss for å ta ut motoren med girkassen på. Girstonga tenkte me å ta av, men so såg det ut som det skulle gå greit sjølv om den sto på. Der tok me feil.

Først tok me ut radiatoren og skrudde av vifto. me tok og av den plata over lyktene, og grillen og lykterammene. Alle ledningar og slangar vart kobla frå, speedometerwiren og klutsjwiren og, so til slutt var me klar til å løfta motoren ut.


Flott verkstad, sant?


Me klarte so vidt å få motoren ut utan å ta panseret av bilen, men det var snakk om millimeter.


Ut på ettermiddagen var motoren ute og alt gjekk bra bortsett frå at girstonga bøyde seg litt. Etter ein liten pause gjekk me i gong med å flytta over delar til den "nye" motoren. Me sette på klutsjen frå den gamle motoren, for den var litt mindre slitt, men den burde me nok skifta no når me er i gong. Hen kan eg få kjøpt billig klutsj? Treng berre lamellplata. Motoren fekk seg og ei ny vannpompa og litt sånt. No ska eg ta og shina motorrommet litt og so gjera den "nye" motoren klar til å settast i bilen. Det blir kanskje til at me setter motoren i bilen først og so girkassen på etterpå. Det får me sjå.
Eg ska ta litt fleire bilde seinare.