Veldig vanskeleg å seie, men det er naturleg å tenke på ein plass mellom 20 og 30 før ein har sett på bilen. Det er veldig mogleg at denne bilen er såpass bra som ein skulle håpe på, og då bør denne pent presentert seinare dra inn godt over 40 om du skal selje den.
Trenden i det siste, har vorte at ganske så bruksslitne 240ar har hamna på finn til latterlege prisar. Skal ein 240 dra inn ein bra pris, så må den skilte med noko spesielt, bra tilstand og ein modell som ikkje på nokon måte er ordinær, gjerne med alt avkryssa på utstyrslista.
Når ein ser på ein 240 til 40 lappar, så skal ein sjå på kva ein kan får for pengane om ein kjøper 850, og då står ikkje ting i forhold i det heile tatt.