God dag, og takk for mykje god respons.
Eg tenkte eg skulle skriva resten av det som eg har gort med bilen so longt, i tilfelle det skulle vera nåken som har interessa av det.
Ein dag i påska eg var ute og lerekjørte, var det plutseleg tomt for bensin, sjølv om målaren ikkje var komt ned på det raude, det var ein kar her på forumet som meinte eg måtte skifta spenningsregultoren til målaren, eg trur han har rett for målaren viser for mykje.
I dag skal eg på biltema og sjå om dei har nåke e treng, luftfilteret, for eksempel må skiftast. Eg tok det ut her ein dag for å sjå korleis det såg ut, men det såg ikkje ut.
Her er nåken bilde av det. Eg kunne sikkert ha rensa det med bensin, men det er so gammalt at eg trur det er lika greit å skifta det.
Sånn ser det noverande luftfilteret ut.
Sånn såg forgassaren inni dar som lufta går inn. Skulle sikkert vore rensa.
Det er vel det eg har gjort med bilen som er verdt å skriva om so longt trur eg.
Det er meininga at bilen skal kunna brukast, den er ikkje strøken i utgangspunktet, so då er det ikkje krise viss han får seg ei lito skramma sjølv om eg helst vil unngå det. Eg kjem nok til å gje han litt ny lakk ein gong, men det blir ikkje med det første. Det første som må gjerast er å skifta luftfilter og bilbelte Venstre bak. Og so er eg som sagt ute etter original kassettspelar, skvettlapp høgre bak, bilbelte venstre bak og nye framsete. Dei har vore skifta før, dei som står i no er sånne som er i 242 GT, men dei er ikkje nåke fine, og førarsetet er ikkje nåke godt å sitta i, so eg vil prøva å få tak i sånne som var dar då bilen var ny. Dei noverande ser sånn ut:
Viss nåken har nåke av det eg er på leit etter liggande, og til salgs billig og ikkje so longt vekke viss det er store ting, er det berre å ta kontakt.
Bilbeltet er ikkje likt som i nyare 240.