Som eg so vidt har nevnt tidlegare er det nåke tull med tomgongen på bilen. Har vore sånn lenge at turtalet på tomgong av og til går opp til 1500 rpm, men då berre slokte eg han og starta igjen, so gjekk han normalt igjen, men dei siste vekene har han gått på 1500 uansett bortsett frå når han er heilt kald. Prøvde ein brukt lmm men da vart han heilt ubrukeleg, prøvde med ein som er i orden, og no går han av og til på 1500 sånn som før men av og til har han ligg han og går opp og ned mellom 600 og 1000 ca. Merkar ingen ting når eg kjører, men han brukar 1 liter på mila i staden for 0,85, og når du kjører 40000 km i året blir det nåken kroner.
Har prøvd med ein an tomgongsregulator utan forandring, og merkar heller ikkje forskjel på motorgangen viss eg drar ut stikket på temperatursensoren. Det var ein fyr som meinte det kunne vera feil bensintrykk, det kan jo henda men eg syns det høyrest rart ut. Ellers er jo detta ein FD-motor med mykje slangar og styr og det har vore folk der og tukla før ser eg, so det kan jo vera nåke tull der og.