Har mykje og gjere på jobb for tida så har jobba i dag. Blei igjen etter jobb og fekk gjort litt med bilen
Heiv gasspjeldet i ultralydvaskaren på jobb, blei reint og fint
Dreia meg hjul til gasspjeldet i aluminium, dreia eit likt til brodern og
Kappa av armen med kula på som det orginale gassoverføring staget går innpå, monterer plata bak gasshjulet så eg får den orginale stoppen/tomgangsjusteringa
Monterte gasshjuletDet manglar spor til vaierhove, men det tar eg når eg har testa alt på plass med gassvaier
Håper sporet er stort nok til at vaieren ligg skikkeleg nedi!
Så sveiste eg inn fire forsterkningsplater i radiatorvangen
Kappa opp to rørbitar med 3mm gods på som eg sveiste på 3mm plater i toppen på
Og sveist røra fast i vangenRadiatoren blir ståande der også blir det to forsterkningsplater på andre sida som går på langs der festa til intercooleren skal stå oppå..Grunnen til at den ikkje skal stå rett på vangen er fordi den er så lav i forhold til radiatoren
![]()