Halloen har kjøpt meg ein Volvo 740 gl 1986 model, med eit par rustmerker på karosseriet. Eg tenkte eg skulle prøve å punktsandblåse grunne, sparkle og lakkere sjølv. Men eg trenge litt veiledning, eg tenkte å gå på nermaste fargehandel og få blanda lakk koden 402-2 som eg har og få dei til å blande lakk på ein sprayboks til meg, men kva er forskjellen på 1 komponents og 2 komponents?? kva er fordelen isåfall? med eller uten herder? kva grunning skal eg bruke? og korleis skal eg gå fram? må eg har klarlakk sida dette er metallic lakk?? takk for svar