Tenkte å montera nokre høgtalarar i hattehylla sidan ledningane låg klare, Prøvde først å berre ta dei borti for å sjå om det vart lyd og det gjorde det. Når eg dreiv og styrte med det var eg litt uheldig og fekk dei to ledningane til den eine høgtalaren borti kvarandre sånn at det blei kortslutning. Etter det har det ikkje blitt lyd frå den høgtalaren, men dei andre virkar. Det var litt rart, det er vel ikkje eigne sikringar til kvar høgtalar... Er det nåken som har ein ide om kva som kan ha skjedd?
Fant forresten ut at innsugspakningen er gåen, håpar tomgongen blir normal når eg får skifta den
