Brukere som er tagget i denne tråden

Viser resultater 1 til 25 av 104

Tråd: Andreas : '03 XC90 D5 AWD

Threaded View

Forrige innlegg Forrige innlegg   Neste innlegg Neste innlegg
  1. #1
    Registrerte brukere andreas sin avatar
    Medlem siden
    15. des. 2009
    Sted
    Hordaland
    Innlegg
    414
    Antall takk

    Standard Andreas : '03 XC90 D5 AWD

    Mornings,

    Startar ein liten tråd her også for nyebilen min. Har gått tre år utan Volvo no (Citroën C5), men med enno ei familieauke på trappene til våren var det på tide å kikka etter noke større. XC90 var overraskande lett å overbevisa madammen om, etter å ha funne NCAP-videoar, den klassiske "rulle"-videoen samt ein liten visning av biltypen "in real life".

    Trass advarslar om å halda seg unna dei tidlige modellane vart ein nødt å følgje lommeboka, og landa på ein 2003-modell som hadde gått 133.000 km. Fekk ein konkurransedyktig pris, då det var eit par småting som burde utbetrast på sikt.

    Bilete frå annonsa:











    2003-modell
    7-Seter
    D5 163hk
    Lyst skinninteriør
    Xenon
    Dieseldrevet motor/kupévarmer med timer (som virkar..)
    DTSC
    Automatgear
    Alarm
    Parkeringssensor bak
    El. sete m/memory
    Telefon
    High Performance Sound
    6xCD-veksler
    Telefon
    3-eiket tre-ratt (multifunksjon)
    Regnsensor
    El. innfellbare speglar
    Fartsavhengig servo
    Nivåregulering bak
    Takmontert Sony 7" LCD med tilhørande DVD-spelar under passasjersetet.

    Etter kjøp har eg bytt bremsekraftforsterkar og hovedsylinder, samt hjullager og ein bremsecaliper bak. Er framleis noke som lagar litt ulyd der bak som eg ikkje er heilt i mål med, men 140.000-service i Sverige er berre eit par veker unna så dei skal få lov å undersøka litt. Forøvrig veldig greie prisar på service der borte. Volvo lokalt her i Bergen skulle ha NOK 6500 for service, mens i Sverige ville dei ha SEK 2500 for same jobb.

    Andre ting som er gjort:


    Nye baklykter, plug & play, men må kjøpa nye kablar (ca 3-400,- pr side)






    Bytta ut det "kalde" aluminium-look interiøret med originalt tre. Ser mykje betre ut når rattet også er i tre.





    Sett på "bumper-covers" (kom gjerne med riktig ord her...) framme og bak, og fjerna litt badges på bakluka:







    Volvo barnesete til minien



    I tillegg har eg montert original subwoofer (plug & play, men husk å få tak i monteringssett med kablar og relé) og uttak for headset på C-stolpene. Desse tinga er foreløpig ikkje i funksjon, då vi må innom Volvo og få aktivert det via
    VIDA
    . Blir gjort på 140.000-service.

    Og framtida...? Solflim og side-steps! Kunne òg tenkt meg å lakkera speglar, dørhandtak og sidelistene i sølv. Treng òg Sport-endestykket til eksosen (det doble firkanta). Nye hovudlykter kjem også på etter kvart, har eit par av nye typen (2007+) med linser i staden for reflektor på veg.
    Sist endret av andreas; 20/01/11 kl 14:08
    -06 VW Phaeton 3.0 TDI 4Motion
    -02 Jaguar X-Type 2.5 V6 AWD Aut.

    x -03 Volvo XC90 D5 AWD

Lignende tråder

  1. Skjelden XC90 ?
    By RealT3cH in forum S60 / V70N / S80 / XC70 / XC90
    Svar: 12
    Siste post: 01/01/11, 11:08
  2. Bruktimportert XC90
    By glenn in forum S60 / V70N / S80 / XC70 / XC90
    Svar: 0
    Siste post: 14/08/10, 00:16
  3. bremser bak XC90.
    By Volvo-Lars in forum S60 / V70N / S80 / XC70 / XC90
    Svar: 1
    Siste post: 18/05/10, 08:26

Regler for innlegg

  • Du kan ikke starte nye tråder
  • Du kan ikke svare på innlegg / tråder
  • Du kan ikke laste opp vedlegg
  • Du kan ikke redigere meldingene dine
  •