Det har komt ein kraftig høgfrekvent skrikelyd frå ein plass bak på bilen, Mest når eg kjørte i 60-70 og svinga litt. Eg lurte på om det var bakakselen men tenkte å demontera bremsane og sjekka dei først. Og som sagt, så gjort.

Detta såg no ikkje so gale ut


Det var litt verre på andre sida då




Eg satsar på at detta har litt med lyden å gjera, i tillegg so det biltema på klossane, og dei pleier visstnok å hyla litt

Det eine stempelet på høgre sida hang litt, eg fekk no smurt det litt men må ta det ut og pussa det ein an gong. Detta verktøyet kjøpte eg på biltema
Veldig greit på denne typen kaliper, til å pressa inn stempela når kaliperen står på bilen, eller til å halda inne det eine stempelet mens eg pumpar ut det andre som er litt tregare for eksempel.


So eg må ha nye klossar og skjever bak, og overhala kaliperane, kanskje skifta dei.

Etter å ha gjort detta tok eg av hjula framme for å sjå om alt var bra der, det var det som vanleg, men det såg ikkje veldig fint ut, so eg tok litt lakk på kaliperen og skjeva sånn som detta


Og etterpå sette eg på nåken felgar som eg kjøpte hos ein kollega. Produsert i Norge sto det


Hydra


Syns det vart bra eg