Fekk start på 245en i dag, men han ville ikkje gå skikkeleg, so fylte på litt diesel, og då starta han ikkje i det heile tattSo det var sikkert ikkje nok diesel, han gjekk sikkert berre på litt diesel som var i systemet dar. Men eg visste ikkje at det var fordi det var for lite diesel, so me prøvde å slepa han i gong, men so bjynte det å snø, og den står på sommardekk sånn at når me prøvde å starta han når me slepte han gjekk ikkje bakhjkula rundt og eg fekk litt sladd då, og for uti grøfta, og so var det ein fjellknaus dar, for so opp på veien igjen og var sikker på at både dørar og skjermar, kanalar og det meste var bulka og at bilen var boss. Men neida, då eg kom ut var det ikkje ei einaste ripa som ikkje var der frå før
Me fant jo etter kvart ut at me måtte ha litt meir diesel, so me slepte han heim igjen. Og so fekk eg jekka 242en opp på bukkar og tatt av bakhjula, for no ska den gjerast EU-kontrollklar.