Lite nytt her. Det som har skjedd er at eg plutseleg oppdaga at kjøleveska i 245en har frose. Eg sette i motorvarmaren og fekk tint han og tappa ut vatnet. Tok ut radiatoren for å ta han inn og tina han opp skikkeleg, og sjekka om det har blitt lekkasje i han (er litt lekkasje i det eine røret frå før). Når eg først var i gong tenkte eg at eg kunne setta radiatoren frå den kvite 245en i 242en berre for å vera endo meir sikker på at det ikkje er det som er problemet. Og med termostaten i, vart han varm sånn som før. Men eg opdaga nåke intressant. Eg har funne ut før at kjøleveska i radiatoren står stilt, det virka som termostaten ikkje opna, men den er heilt ny og har blitt kontrollert i ei panna på komfyren. Men no oppdaga eg at det var kald luft i varmeapparatet og, sjølv om temperaturmålaren var nesten opp på det raude. Når termostaten ikkje er der, og eg får motoren vam med å ta ein plastpose framfor radiatoren blir det varme i varmeapparatet. So detta betyr då at vatnet ikkje sirkulerar gjenom vaerken radiatoren eller varmeapparatet når termostaten er der. Då syns eg det virkar logisk at det er fordi det kjem luft i systemet, som ikkje slepp ut fort nok når termostaten er dar sånn at det hopar seg opp og vatnet ikkje sirkulerar. Eller er eg heilt på villspor?
Det som ellers har blitt gjort er å skifta fløyta. Den eine var det nesten ikkje lyd i og den andre var heilt daud, so då tok eg dei som var på den kvite 245en.