Superfornøgd med AT motor
Hei,
Har fått køyrt bilen litt igår kveld etter å ha fått montert bleedventil.
Eg som skifta ut ein lett trimma B230A, og må sei; eg opplever bilen som brutal i forhold.
I utgangspunktet var eg berre ute etter ein veteranbil med litt meir krefter enn ein vanleg sugemotor - men dette var over all forventning no. Det som gjer dette ekstra moro er at det ikkje kostar ein arm og ein fot. Trur eg har brukt ca kr 10 000 til no, så må eg oppgradere trykkplata før det er noko poeng i å justere opp meir trykk.
På 4. Gir slurer clutchen allerede på ca 0,6-0,7 bar, altså originalmåleren kom berre ca 5-6 mm inn på det røde feltet.
På 3. Gir gjekk den noko vanvittig syns eg, fikk litt fusking innimellom - men kvar gong hadde det blåst av ein eller annan slange Satte på slangene att og bilen gjekk som f..... att. Har no sett på klemmer etterkvart som eg ser dei blåser av. Slange på varm side av intercooler blåste også av.
På 2. Gir dreg den heilt reint til 6000 omdr, eg er kjempefornøgd og berre gliser når køyrer.