No har me vore og henta ein kvit 240 stasjonsvognDet er ein 85-mod. med B200K som går på 6000 r/min. på tomgong. Det er ein lerar eg hadde litt på ungdomsskulen som ha hatt han sidan ca 2000 og brukte han fram til vinteren 2009-2010 for to år sidan Då vart han parkert fordi han ikkje fekk han til å gå og han hadde kjøpt seg ny bil. So no har han stått og forfalt i to år, Og no sa han me kunne få han billig viss me kom og henta han. Det er eg og broren min som eig han i la so eg håpar det ikkje blir for myke krangling
![]()
Bremsane fungerar fint so me fekk ein med oss og slepte han 2-3 mil i mørket utn lys. Eg var sidemann og lyste litt med ei lommelykt ut vinduetog me brukte walkie talkie til å snakka med dei i bilen framfor. Den er gått minst 339000 km so me må sjekka tilstanden på motoren litt fø me bestemmer om me skal skifta motor eller berre forgassar i første omgong, og so er det jo rusten då... Me får håpa det ikkje er so gale at me ikkje får han til.
So blir det jo eit spørsmål om kor grundig det skal gjerast. Det blir sjølvsagt gjort på ein sånn måte at det ikkje kjem rust tilbake med det første, men om me skal lakkera han og få han heilt strøken, berre flikka litt eller rullemala med bengalakk. Det er jo mange som ikkje likar detmen det er jo bra på ein arbeids/vinterbilviss det blir det han skal brukast til. Det har blitt skifta clutch og fiksa litt på det elektriske og so vart det tatt forstillingskontroll på han i 2006. Det er greie vinterdekk på ruste stålfelgar og ubrukelege sommardekk på turbinfelgar til han![]()
Her hadde han stått lenge no
Og opp på veien
Etter 1,5 mil
Sånn ser han ut i dagslys
Her har visst medeigaren sneke seg inn på bildet:
Som dåke ser kunne han trenga ein vaskDet kjer neste gog me har tid og det ikkje er frost ute.
Kva trur dåke? Golvet er rusta, tverrbjelkane er rusta, bakskjermane er rusta, høgre kanal er skifta men litt rust har komt tilbake venstre kanal er rusta og det dukkar sikkert opp meir rust under tektylen forskjellige plassar. Men kanskje det blir bil av det ein dag![]()