Å bytte hjullager på desse bilane er ein enkel nok prosess, og ikkje skrekkeleg mange skruane for å få det av.
Men! Lageret/navet sit som sveisa fast i opphenget, vold, vaselin og vilje er brukt opp, og det hjelp ikkje å slå noko meir på sakene. WD40 er prøvd som penetrerande, men er redd for at salten har gjort så mykje ugagn allereide at det ikkje hjelp.
Eg antek at opphenget i aluminium og navet i stål, har fått ein reaksjon når det har vore sausa i salt, som har ført til ei sveising. Og med tanke på at kanten på lageret som sit fast i opphenget er heile 10 mm, så sit dette hardt.
Det hjelp ikkje veldig å hamre laus på dette, sidan heile opphenget er lagra i gummi, men har ikkje prøvd med noko skikkeleg mothald.
Nokon som har magiske triks for å få dette laus? Varme?
Plukke ned alt, og ta med til ei hydraulisk presse?
Baksida av lageret ser slik ut:
Slik ser opphenget ut (litt speilvendt):
Slik ser heile opphenget ut: