Denne tråden handlar om alle 240ane eg har eller har hatt.
Volvo 242 L frå 1977, 153000 km, kjøpt november 2009.
Planar:
Ta resten av rusten og tectylera resten av bilen under
Vanleg vedlikehald og reparasjonar som måtte bli nødvendig
Få motoren til å fungera
Gjort:
Fiksa golvet (var store hol på begge sider bak)
Tatt det meste av rusten og tektylert store delar av bilen under
Skifta framsete
Skifta motor og klutsj
Mykje meir som eg ikkje huskar
Min første bil er also ein heilt original Volvo 242 L 77-modell, som eg kjøpte hos ein mann i Trøndelag hausten 2009, han hadde då eigd bilen sidan den var ny og han var godt tatt vare på, og ikkje kjørt meir enn 153000 km på nesten 33 år! Eg var då ganske nyleg blitt 15 år. Eg og pappen min tok flyet opp dar tidleg om morningen, og møtte han som eigde bilen på flyplassen dar oppe. Etter å ha sett litt på bilen og kjørt ein prøvetur med han, vart bilen betalt og me starta turen heimover.
Me måtte berre fylla litt bensin først.
Eg "kunne" jo ikkje kjøra, men den var vistnok god å kjøra, og det var nok futt i den til å halda følge med dei andre i oppoverbakkane med fira sommardekk i bagasjerommet.
Eg kan visa litt bide frå heimturen.
Det var komt litt snø på Dovrefjell
Det var stengt over både Valdresflya og Sognefjell, so me hadde tenkt å kjøra over Strynefjellet, men fekk anbefalt å kjøra heilt til Lillehammer og litt forbi før me skulle svinga vestover, og forbi ein plass som heite Dokka og komma oss til Fagernes på eit vis, men me var ikkje so kjent dar, so me tok ein omveg og havna i Gjøvik. I Lillehammer var det ekstremt dårleg føre, og dårleg sikt. Det regna og var is og mykje slaps på vegen. I Gjøvik fekk me spurt oss fram på ein bensinstasjon og fant til slutt vegen til Fagernes. Der var det fint snøføre, og det var det nesten til Lærdal. Der stoppa me litt for å sova ein liten time. Då me kom nesten til Flåm kl. 2 var vegen stengt og skulle opna om tre timar. Etr fem timar fekk me beskjed om at det hadde gått eit jordras, og dei var redd for at det skulle komma fleire, so dei ville ikkje sleppa oss forbi.
Brua var full i gjørma. Det var forresten ein V70 som prøvde å kjøra over ho.
Etter litt om og men fekk me og nåken andre lov å kjøra forbi, og resten av turen gjekk heilt fint.
Me har ikkje garasje heima, ikkje låve heller, so eg skjønte at det ikkje kom til å bli gjort nåke med Volvoen den vinteren, derfor fekk eg låna garasjeplass hos besteforeldra mine, der bilen vart ståande heilt til mai.
Det som var gale med bilen var:
Rusta hjulbrunnar og hjulbuar bak, Dårlege hjulboltar bak, Rust i golvet der 4som baksetepassasjerane har beina, kilometertellaren går berre av og til (selgaren garanterte at bilen ikkje er gått meir enn 155000 km, og det stolar eg på) Kassettspelaren virka ikkje, og det eine bilbeltet bak er vanskeleg dra ut. + litt til.
Det einaste som vart gjort i løpet av tida han sto dar var å skifta ut dei to boksane frå 80-talet som låg på hattehylla med eit par gamle høgtlarar som eg fant heima, som paste i dei hola som var der, og so skifta eg hjulboltane bak.
Hjulboltane bak vart skifta, og eg benytta muligheten til å sjå litt nærmare på undersida av bilen.
Sommardekk på, og på tide å få bilen heim mai 2010
Fortsettelse følger.