No føler eg meg flink. Fortsetter eg sånn ligg det an til nesten 4 oppdateringar i året!
Brukte S60en til EU-fristen gjekk ut, fekk tak i lysbrytar som virka og fant ut at det varABS-ringen på venstre drivaksel som var problemet med ABSen. Under montering knakk sjølvsagt bolten på drivakselen, og var ikkje lett å få ut. Det prosjektet balla forresten på seg litt. Det var litt rust på framskjermane der skvettlappen skal vera, so eg tok dei av for å gjera litt tiltak der. Tok etter kvart vekk plastinnerskjermane og for å gjera skikkeleg reint og stoppa rust som var påbegynt. Det vart oppdaga ein del rust i dempartårna, so fjørbein vart og demontert og eg gjorde reint oppi dempartårna. På høgre sida var det fleire hol, so eg måtte sveisa inn ein ny del.
240en får 4 nye skjever og ei berekula etter EU-kontroll.
Oppi høgre dempartårn
Skar ut her fordi det var veldig tynt og fleire små hol.
Laga ny del
Og sveiste på. Har ikkje etter-bilde, og det er kanskje lika greit for det ser ikkje fint ut, men det er jo ikkje so nøye oppi der, berre det blir holdbart.
Sånn står bilen no. Har kjøpt xenonlykter som eg vil ha på, men den eine treng ny balast først.
Dermed blei årets ferietur i Carina, grå denne gongen. Tenkte det var greit at den fekk strekka litt på beina etter å ha stått stort sett i ro i nesten to år. Her på Dalsnibba ved Geiranger.
Heilt grei feriebil egentlig. Passerte 200000 km på Utvikfjellet, var på Østlandet litt og. Vart lca 2000 km på heile turen.
Årdal-Tyin
Overnatting i bilen. Fordel med god retningssans for å finna ein plass det er skygge om morningen.
Etter ferieturen var det EU-kontroll, fekk feil på avgassen og manglande sikring på ledningen til Defa-ladaren. Skifta O2-sensor og monterte sikring og fekk godkjent. No skal snart den andre Carinaen på EU, der veit eg om eksosanlegg og frambremser, er sikkert meir og.
Her er den, attmed S60en sånn som den står no.
Det har skjedd meir enn detta, men kjem ikkje på meir i farten.