Bøtter er jo mykje tøffare enn ledbar. Det er fullt mulig å få det til å sjå ca vetig ut og, viss ikkje dei er for store. Blir det stygt får eg heller ta det vekk om sommaren. Under skiltet blir det nok i alle fall ikkje, det blir for mykje skyggelegging, ein del plassar der eg kjører er det ganske bratt grasskråning ned på sida av veien, kanskje 2-3 meter ned, men ikkje brattare enn at ein hjort lett hoppar opp på veien. Med lysa for lavt nede blir det eit skyggelagt område der som er stort nok til at det kan stå ein hjort der som eg ikkje ser sjølv om eg sitter høgt nok til at eg kunne sett den, fordi lyset er for lavt plassert. Derfor blir det i alle fall ikkje lavare enn hovedlyktene. Ideelt sett høgare, men det ser so teit ut.

Her er oppsettet eg hadde på Carinaen i vinter, det er mange som har meir lys enn detta, men eg såg det eg trengte å sjå, og både fargen og styrken var grei med tanke på at to 55 w halogenperer sto for nærlyset.


Dei to firkanta i på den vanlege plassen er vanlege halogen Bosch Profi, reit supplement til originallyktene, gjekk frå elendig til ok lys. På taket var det to små halogenlykter med spot lysbilde for å få litt lengda på det, og i midten ein billig ebayledbar som lyser vidt, men kort. Til sammen vart det bra lys syns eg, hadde sjølvsagt brytar til å slå av det på taket ved tett tåke eller snø i lufta.