Eg gjekk plutselig laus på Corollaen med vinkelslipar. Det har jo tatt litt av med bilar her, so nåken måtte vekk. Då det blei to dagar karantene og fint ver, og eg hadde nye hjulbuar liggande, paste det fint å setta i gong. Bortsett frå hjulbuane bak var bilen ganske bra, so eg tenkte det måtte gå an å selga den når hjulbuane var sveist.
Skar først vekk alt som var rusta på begge sider, det var mykje meir på innsida enn det som var synleg, det understrekar viktigheten av holromsbehandling.
Ny hjulbue ferdig (godt nok) tilpassa og punkta på plass
Ferdig resultat. Ikkje perfekt, men mykje finare enn det var. Og samme kveld kom det ein fyr frå Jørpeland og henta bilen.
Litt styggare på høgre sida, der slo det seg litt nåken plassar.
Har no begynt på ein liten sveisejobb på den grå Carinaen, ikkje lika mykje som skal gjerast på den, berre på eine sida bak og litt oppetter hjulbuen.
Viss nåken skulle vera i tvil om det har nåke for seg å sprøyta rustbeskyttelse inni kanalar, holrom osv, lar eg desse bilda tala for seg sjølv.
Såg ganske fint ut på utsida.
Viss detta får godgjera seg over litt tid råtnar bilen frå innsida og ut, her kjem eg til å sprøyta med sagkjedeolje som trekker inn i rusten og stoppar, eller i alle fall bremsar rustutviklinga kraftig. Sauefett skal gjera samme nytten, men tectylprodukt som er berekna på holrom må brukast før det er begynt å rusta nåke særleg. Det vil ikkje trekka godt nok inn i rusten men legga seg oppå. Når det blir gammalt sprikker det gjerne, og det rustar under. Har ikje bilde av det, men såg det veldig tydeleg på Corollaen.
Den grå 245en eg kjøpte var det jo tanken at eg skulle venta litt med å setta i stand, for å få gjort nåken andre prosjekt først, men det var so fuktig inni bilen at eg ikkje ville la det stå sånn, so har heve ut alle mattene for å tørka golvet. Har og rydda opp litt i ledningsnettet, det er ikkje lett å forstå kva dei som har vore der og kobla før har tenkt, sjølv om detta longt frå er det verste eg haar sett gjekk det ein del timar, men kjem seg no. Må finna ut hen det kjem inn vatn og få stoppa det, og so blir nok den bilen ståande på vent ei stund før det skjer stort meir med den.
S60en har vore på EU-kontroll og 4 2ara, tre av dei relatera seg til lysbrytaren, den andre er atABS-lyset lyser. Feilkode på høgre bak, får sletta den, men kjem tilbake når eg kjører i over 40. Lysbrytaren har eg prøvd å lodda, då virka den i to dagar, lodda på nytt og då virka den to dagar til... får kjøpa meg ein ny.
Cruisekontrollen virkar heller ikkje, kløtsjpedalsensor som er problemet visstnok, men det er ikkje første pri, veiane eg kjører på passar egentlig ikkje so godt til cruise control-kjøring.
Ellers er det litt lyd i eit klikkestag bak, ein slapp støtdempar og flikking av påbegynt rust som står på planen. Etter kvart blir det nok investert i skvettlappar, bagasjeromsmatta og vindskjermar til framdørene (kanskje alle 4). Viss nåken kan komma med anbefaling er det flott, helst ikkje veldig smale. Til hausten er det nok stor fare for at det blir ekstralys og, det er jo nermast blitt ein tradisjon at eg har det på alle bilar, og ein blir avhengig. Og so må eg ha setetrekk, i det minste på førarsetet. Det lyse interiøret i denne bilen kjem fort til å bli stygt når eg setter meg inn med arbeidskle. Kanskje finna eit som lett kan takst vekk ved høgtidlege anledningar.
Det er mulig eg skaffar meg xenonlykter og, det blir i so fall gamle typen (opp til 2004). Det er jo forholdsvis godt lys i desse halogenlyktene og, men vil alltids ha meir.