Var i Stockholm og henta ein 240 Turbo saman med Turbo_K for nokre år sidan. Hadde eit stopp og sjekka stropping på bilen bakpå tralla på ein bensinstasjon, ved sidan av oss stod der ein S80 2,0F. Såg ikkje noko særleg nøye på den bilen der, før den starta opp, glei ut av bensinstasjonen og opna full spjeld, det var noko av det villaste pådrag og motorlyd eg har vorte utsatt for, den bilen der var ein "dekaltrimma" v8![]()