No har eg starta årets veteranbilferie med Volvo 242 og forgasserturbo.
Full oppakning og familie på 4 personar
Turen starta heime i Sogn og til Kiel ferja i Oslo, køyrde vidare frå Kiel til Bodensee i Tyskland og over alpane til Milano, Genova og vidare til Cannes i frankrike totalt 1940 km frå tunet heima, bilen har gått knirkefritt heile turen.
Frå Sogn til Oslo hadde den eit forbruk på 0,86 liter PR mil, veldig fornøgd

På autobahn med marsjfart på ca 120 km/h gjekk den på ca 1 liter PR mil.
Har køyrd i følgje med ein Ford Capri 3.0S og ein Tesla X - me nådde målet akkurat samtidigt
No får eg kryssa fingrane for at heimturen går like fint

