Her har det blitt dårleg med oppdateringar siste halve året. Ska prøva å få med det viktigaste
Mistenkte dårleg kompresjon i motoren fordi motoren bremsa so utruleg dårleg. Tok derfor sylinderlekkasjetest, som går ut på å setta lufttrykk ned i forbrenningsrommet og sjå kor tett det er. På skulen lerte eg at det skal helst ikkje vera meir nn 20 % lekasje. Andre plassar har eg høyrt 30 og 40. I alle fall såg resultatet sånn ut på dei tre første sylindrane
Og på den siste
Det var no rart at det var so stor forskjel men det kunn vore verre, får leva med det sånn.
Etter detta vart det ein grundig innvendig vask. Det har ikkje vore gjort so grundig på dei 4,5 åra eg har hat bilen, gjorde seg veldig. Det var rett før ferien.
Kan ta med nåken få bilde frå ferieturen og. Først ein tur til Jølster
V70en var med på samme turen, her på biltema i Førde
So sørover
Ein tur innom her
Og nåken fine dagar i sørsverige med besøk på bilopphoggeri og litt andre ting innimellom
Og so tilbake til Jølster
Bilen har vore snill og grei heile tida. Blei hastebytta bremseklossar bak her ein kveld fordi den eine klossen var på stålet. Dei andre klossane var det ein del igjen av. Det var ikkje heng i dei, og caliperane bak + skjever og klossar med monteringssett var alt nytt rett før romaturen. Hadde heldigvis klossar liggande, ska sjå meir på detta snart.
Fekk skifta simmeringen bak med pinjongen for nåken få veker sidan og tatt ein liten 420000-service. Simmeringen satt veldig fast og ganske moden for utskifting, men det blei no tett. Må vel snart skifta registerreim og, fant ut at den vart skifta på 286000 km sist![]()