Prøvde den dar "super turbo pluss" frå felleskjøpet. Det var fleire som hadde god erfaring med den på dessa motorane og so var prisen grei. Framtidsplanane er eg litt usikker på. Vil jo gjerne ha bilen, men det blir fort litt for mange bilar og ein skal jo ha tid og pengar til å ta vare på dei, ellers blir det berre ståande og forfalla. Bilen er bra teknisk men karosseriettreng litt stell. Det er ikkje so mykje grov rust, men lakken er dårleg og det er rustflekkar over alt, so litt pussing og lakk må til. Det er det nok fare for at eg overlater til neste eigar, men eg skal i alle fal få tatt det som må sveisast, og få han EU-godkjent før salg.