Monterte igår 2 enkle Pierburg på AQ140 innsug på ein B230A.
Motoren starta med ein gong, men når eg er ute å køyrer så får eg jamnt drag til ca 4000 omdr. så er det heilt stopp. Den putrar på delbelastning og går relativt dårleg på tomgang.
Eg har tidlegare gjordt følgjande med motoren:
- Hona sylindrar og skifta stempelfjører.
- Nye lager i botndel.
- Plana toppen 2mm.
- Ky7 cam og stivere enkle fjører frå grinden.
- justerbart camdrev.
- Glatta ut støypekantar i innsug/eksoskanalar.
- 6,2 kg svinghjul ny clutch.
Resten er originalt, har køyrd bilen eit år slik med original A innsug og enkel Pierburg og har fungert heilt fint.
Er det nokon som har gjordt dette før som kan gje meg nokre tips angåande justering og andre viktige moment?
Mvh
Frank Egil