Ser kanskje ikkje so verst ut på bilde som er tatt på litt avstand, men ser du på nært hold er det ikkje mykje fint. Her er det nok ingen vei utanom heillakkering viss bilen ska bli fin, men sundrusta er han heldigvis ikkje
Har ikkje sett bilen på 5 veker so har ikkje fått gjort nåke med det enno. Kan godt vera rundt frontruta det kjem inn ja, eg ser det har vore folk dar før. Lista har eg ikkje hatt av enno for eg er litt redd for kva eg får sjå då
Bilen er for so vidt grei å kjøra, sikkert mykje likt som på andre bilar frå den tida. Motoren er lettstarta og drar fint. Eit gir eller to til er vel det eg saknar mest, for han er veldig lavt gira. Litt krengete er han, men nye fjører og dempara hadde nok ikkje vore domt. Å sei at denne er retningsstabil ville vore løgn, det hjelpte å skifta hjelpesnekkeforingen, og det kjem nok til å hjelpa å få skifta litt fleire kuler og ledd, men heil på nivå med 240 kjem nok 100-serien aldri til å bli når det gjeld kjøreegenskapar.
Alt i alt er det ein heilt ok bruksbil som ikkje har problem med å følla dagens trafikk. Bensinforbruket er heller ikkje avskrekkande, og delar har ikkje vore nåke problem å få tak i for meg enno i alle fall.