God dag, eg har ein Volvo 242 77-modell med ein B19-motor, heilt original og berre kjørt ca 150000 km. Den sto parkert i eit halvt år, under oppussing, og vart starta opp av og til, men ikkje ofte. I vinter var den klar for vegen og skulle ut på prøvetur. Den fungerte perfekt. Men på den andre turen, nokre dagar seinare vart den varm, og me skrudde ut termostaten for å kunna kjøra vidare.
Litt seinare fekk eg tak i ny termostat og sette den i, då vart motoren varm gjen, so den måtte ut. Eg tenkte det sikkert var radiatoren som var tett, so eg tok den ut og rensa den med både kaustisk soda og plumbo, og det kom ut mykje graut, og etter dette har temperaturen i motoren heldt seg longt under normal, berre viss eg pressar bilen litt i fjerde gir opp longe bratte bakkar, eller den står på tomgong hender det at den kjem opp på normal.
Men når eg sette i termostaten igjen gjekk temperaturen rett opp på det raude igjen, sjølv om termostaten er heilt ny, og eg forstår ikkje kva som gjer det, det er sikkert berre ein liten bagatell, men det er ikkje lett å finna ut kva som er gale, eg håpar at noken kan gje meg litt råd sånn at eg slepp å bruka so mykje tid på å finna ut av detta her.