Det er på tide å bytte ut vinterdekka på sonicen. Eg køyrer eg på ein dimensjon som ikkje det er spesielt godt utval i dekk på, 235/40x18, men kjem til å gå ned til 225/40x18.

Eg har til no køyrt på Continental Wintercontact TS810s, som er kontinentale høgfartsdekk, fantastiske dekk på bart føre, ein merkar knapt forskjell frå sommar til vinterdekk på desse. Men det er ikkje dekk som er beregna på Norge i det heile tatt, saman med at desse no nærmar seg utslitne, og har stått på bilen sidan den var ny.

På bilen til dama (Veronica), så står det dei nye Yokohama dekka, IG30, i 215/45x17, og dei virkar igrunnen ganske så bra. Men desse er ikkje tilgjengeleg i min dimensjon, då må eg køyre på dei eldre IG20-dekka, som forsovidt også var ok.

Så lurer på å legge på Continental Wintercontact 5, er det nokon som har erfaring med desse dekka på ein
AWD
-bil i slike dimensjonar?