Kan jo ta å oppdatere litt om det som har skjedd sidan sist. Er egentlig ikkje så mykje så har skjedd, bilen har bare blitt brukt og har bromma jevnt og trutt
Har blandt anna fått skifta interiøret. Litt diverse plast og golvtepper er framleis blått, men dette har eg fått ordna meg og vil bli henta når eg kjem heim. Baksetet frå 940en måtte modifiserast litt før eg kunne montera da, men no sitter da som eit skudd. Tok av trekket på stolane og kjørte dei ein liten runde i vaskemaskinen. Blei reine og fine no
Motorfesta og girkassefestet blei også skifta, disse var godt segne så det var på tide. Laga meg også shortshift og det blei veldig vellykka, blei mykje betre å gire med. Har ikkje fått skifta clutchen og har heller ikkje montert wastegate og chip. Satsa på å få gjort da neste fritur
Skifta også glass på hovedlyktene, men detta blei heller misslykka då eg ikkje hadde nye pakningar og det kom dogg på glasene. Skal høyra på Volvo om nye pakningar![]()