I går når eg skulle stoppa bilen viste det seg at bremsane hadde tatt kveld. Når eg prøvde å bremsa gjekk pedalen veldig lett in, og det bremsa ikkje i det heile tatt. Eg fekk parkert og sjekka at det var nok bremsevæska på han, og det var det. Eg fant ut at viss eg pompa litt med bremsepedalen bjynte bremsane å virka. Eg trur ikkje det er nåke lekkasje, for når onkelen min pompa med bremsepedalen heilt til bremsane bjynte å fungera, og heldt pedalen inne, seig han ikkje lengre inn, og etterpå, når me trilla bilen litt fram var det heilt tørt på grusen de bilen hadde stått. Viss eg slapp pedalen heilt måtte eg ofte pompa eit par gongar for at han skulle bremsa gjen. Av og til måtte eg trykka pedalen longt inn og av og til ikkje. Når me skulle få bilen heim oppdaga me at ”brake failure”-lyset lyste. Eg kjørte roleg, og brukte ikkje bremsane so mykje. Men dei virka viss eg pompa litt med pedalen, og viss eg ikkje slapp pedalen heilt ut slapp eg å pompa. Men som sagt måtte eg av og til trykka pedalen lengre inn enn andre gongar. Når eg hadde kjørt ei stund, tenkte eg at eg skulle sjå om bremsane virka før eg kom ned til eit litt skummelt kryss. Med det samme eg trykte på bremsepedalen slokna brake failure-lyset, og etter det fungerte bremsane nett sånn som dei skal. Eg var spent på om dei virka etter at eg hadde stoppa bilen og starta opp gjen utanfor butikken, og det gjorde dei.
Litt før eg fekk problem med bremsane merka eg at det var litt lite futt i bilen, men det kom sg gjen ganske fort og bremsane fungerte etter det, so eg trur ikkje det har nåke med saken å gjera. Og so kan eg nevna at det samme skjedde ein gong tidlegare i vår og. Då og gjekk bremsepedalen rett i golvet utan at det bremsa i det heile tatt, men det var berre ein gong. Etter det har bremsane funert perfekt fram til i går, so eg har ikkje tenkt meir på det som skjedde då. Eg trudde det berre var eg som hadde bomma litt på pedalen.
Eg har litt for lite greie på bremsar til å finna ut kva som er/var gale. Eg reknar med at det samme kan skje gjen, eller kva trur dåke? Etr det nåken somveit hen feilen ligg og / eller kva som må gjerast?