Eg er for tida i Chamonix i Frankrike for å ta eit høgskulestudie i frikøyring og friluftsliv. Det inneber mykje toppturar og skikøyring i fjella omkring Chamonix.
Slik går dagane rundt om i fjella på telemarkski:
Men eg har ikkje lagt bilinteressa på hylla av den grunn. Fikk for nokre veker sidan nyss om messa i Geneve som er ein drøy times køyring unna Chamonix og bestillte leigebil samt bilettar. På tirsdag satte eg og fire kompisar oss i bilen for europas største nybilmesse.
Av høgdepunkta var sjølvsagt verdspremiera på nye Volvo S60! Den svarte verkeleg til forventningane! Mange hakk opp frå den gamle modellen. Tipper de nye D3 og 2.0T motorane vert ein slager på det norske markedet. Det brune skinninteriøret som var på to av utstillingsmodellane var svært lekkert.
Kom i prat med ein seljar frå Volvo i Sveits og dermed innviterte han oss med til "S60 loungen" i hotellet ved sida av messehallane. Her var utstilt ein xc60, c70 m/heico modifikasjonar, c30 og sjølvsagt den nye s60. Gratis mat og drikke var heller ikkje å forakte
Etter å ha vore på loungen vert man så glad
Ellers div bilder fra messa:
XC70 får tommelen opp!