Normalt så er det sjølvluftande, få på så mykje kjølevæske som mulig, knip litt på radiatorslangen og etterfyll til det renne over beholderen.

Køyr så en kort tur, gjerne litt både opp og ned og litt svingar. Stopp motoren i god tid før den blir varm! Etterfyll så kjølevæske igjen, til det er smekk fullt.

Deretter er det berre å køyre til motoren er god og varm (hugs at motortemperaturen viser rett opp allereie frå rundt 75grader) og du må få den skikkeleg varm og god. Det betyr at du bør køyre i alle fall eit kvarter på eit gir lavare enn normalt, før du avsluttar med eit aldri så lite motbakkerace. Senk gjerne kupetemperaturen litt for å varme motoren raskare.

Deretter så kjem det viktige, la motoren bli heilt kald før du åpnar for å fylle meir kjølevæske. Må under ingen omstendigheter åpne loket på ekspansjonstanken når motoren er varm. Sjekk gjerne at slangen til radiatoren er hard når motoren er varm, for å sjekke at det er trykk i kjølesystemet. Uten trykk så får du problem med å bli kvitt lufta. Dersom det ikkje er noko særleg trykk i så må du kontrollere trykket eller berre kjøpe nytt lok til ekspansjonstanken.