Ja, aktiviteten på detta forumet har dessverre avtatt veldig dei siste åra, i alle fall sammenlikna med sånn som det var når eg blei med for 8/10 år sidan. Litt synd egentlig, for forumet er mykje ryddigare og meir oversiktleg og lettare å finna gamle trådar enn på facebookgruppene, som ser ut til å ha tatt over mykje.

Det første avsnittet er eg veldig enig i, stemmer veldig bra med mitt inntrykk, sjølv om eg ikkje har kjørt s80 før trur eg. Har kjørt mange V70ar då, av alle generasjonar.

Veldig intressant å få høyra sammenlikning a dei to S80-generasjonane frå ein som har/har hatt begge.
Etter registreringsnummeret å dømma er den nye kjøpt sørpå sånn at du har fått prøvd den og på langkjøring. Syns du det er stor forskjel på kor behagelige dei er?
Viss eg ein gong skal ha ein litt meir moderne pendlebil står S80 høgt på ønskelista, det er flotte bilar som eg alltid har likt, og prisane er etter kvart blitt ganske rimelege.