Då er eg og familien kommen heim frå årets veterabilferie, me køyrde totalt 4350 km på 9 dagar
Bilen gjekk heilt utan problem heile turen, einaste var at tomgangen som kom litt i ulage når det vart vanvittig varmt. Elles har eg kun køyrt og ikkje løyst ei skrue. Tanking vart det sjølvsagt ein del av
Ved ein bensinstasjon utanfor Milano opna eg panseret for å lufte den, då såg eg at korken/demperstempelet hadde hoppa ut, men den hengde att i olja.
Me starta returen frå Cannes laurdag 20.07 kl 17:30 i 32 grader skyggetemperatur, det er varmt utan AC. Køyrde frå Cannes langs rivieraen til Genova i Italia, tok av mot Milano, tanking og kveldsmat i Milano kl 21:30 og fortsatt 30 grader
Køyrde vidare og over grensa til Sveits, og over alpane og San Bernardino passet, kom ned att langs grensa til Lichtenstein og til Bodensee, køyrde vidare til Memmingen i Tyskland, det kom me inn på autbahn A7 som går forbi Ulm, Hannover Hamburg og heilt til Danskegrensa, derfrå var det kun 350 km til Fredrikshavn og tok Ferja til Oslo Mandag morgon.
Alt i alt ein veldig bra oppleving
Ingen problem å reise på ferie med Volvo 240 og AT motor.
Eg var forberedt på eit forbruk på 1,5liter PR mil i høg fart på aurobahn, men slik gjekk det ikkje
Eg er meget imponert over forbruket, høgaste måling var på 1,05l/mil og då køyrde me mellom 120 og 150km/h med 4 personar og fulloppakning, vil anta at me var tett på tillatt totalvekt på 1780kg. Laveste måling vart målt til 0,86l/mil i Norge, jamnt i 90km/h.
Tom og fullasta bil kan ikkje samanliknast når det gjeld køyreeigenskaper - og dei nye Bilstein B6 demparane fekk køyrd seg
Såg ingen andre 240’er etter me forlot Norge...
Milano
Køyrer i frå det meste.... utanom bensinstasjoner
Fin marsjfart
Skjelden syn på Rivieraen