Startmotoren slutta å virka på onsdag i forrige veka når eg skulle heim frå jobb. Fekk hjelp til å skubba bilen i gong og kom meg heim og fant ut kva som var gale. Det er to naboar her som og driv med gamle Volvoar, eg fekk låna ein startmoor hos ein av dei, men den måtte han ha tilbake etter kvart for han sku brukast i ein bil snart, so eg kjøpte meg ein ny på biltema i går som eg skifta på jobb i dag. Samtidig skifta eg girkassefestet, det har eg hatt liggande lenge og eg syns det har rista litt i bilen dei siste dagane når eg kjører (for) fort, so då fant eg ut at det var på tide å få det skifta. Trur det gjorde susen, men ser ikkje vekk i frå at opphenget til mellomakselen og har sett sine beste dagar. Fekk tatt ein vask på bilen etterpå, men det ser sikkert ikkje sånn ut lenger no.