Hei,
Har ein 940 Sedan frå 1995 i relativt god kosmetisk og teknisk stand. Nesten ikkje noko rust på bilen pr dags dato - derav då forrige (og første) eigar tok vare på bilen svært godt.
Han fikk bilen rustbehandla profesjonelt i 2012 med Mercasol. Eg kjøpte bilen i 2014.
Mykje av Mercasolen sit endå fint på plass, men ser det er fleire stader det begynner å sleppe frå understellet.
No er dette snart 5 år sidan og eg vurderer å gjere det samme og - profesjonelt på verkstad, for å forebygge - slik at ein kan glede seg over bilen i mange år framover.
Andre som har gjort liknande med sine bilar- då via verkstad ? Eller er det ikkje verdt pengane - med ein gammal bil ?
Evt. gjere det sjølv ? ( eg har null erfaring innan understellsbehandling)
Takkar for alle gode svar og erfaringar