Nyvaska og med sommardekk og ny olje + filter for nåken få veker sio. God bruksbil
Kjøpte ei fin brukt høgre baklykt og for den gamle som sto der var so stygg og matt, og plasten var veldig porøs. I tillegg låg det ein del vatn inni der og skvulpa. Når eg tok av den gamle fant eg litt rust som eg pussa litt på og behandla før eg sette på den "nye".
Trur dåke ser forskjelen, det viser ikkje lika godt på bilde som i virkeligheten.
Sånn ser 242en ut. Ska begynna å klargjera dei nye skjermane til lakk i dag tenkte eg. Vurderer plastinnerskjermar og, denne har jo ikkje det originalt, kom på 78-modellen, og det var nok ein god grunn til det. Trur kanskje det er lurt å gjera det, men viss eg må bora mange hol og sånt veit eg ikkje om eg vil, for denne mangla nåken skruehol til dei.
![]()