Har lest litt meir rundtom, og trur eg havnar på sagkjedeolje som eg blandar med diesel for at det skal trekka ekstra godt inn. Dieselwen vil etter kvart forsvinna. Kanskje eg gjer det to gongar, med litt mindre diesel i andre gongen. Det er viktig at det er heilt tørt der behandlinga skal gjerast, det trur eg det er når sist bilen fekk vatn på seg var i august. Men so såg eg på eit eller ant forum at det vart snakka om å bruka sånn voks/tectylgreier for holrom i tillegg til olja for å "forsegla" den og sleppa å gjenta den so ofte. Nåken meinte det var lurt, andre ikkje. Det vil jo gjera at ein slepp å behandla det lika ofte, sidan den tørkar litt etter kvart, i motsetning til sagkjedeolje, men på ei an sida vil det kanskje vera til hinder den dagen det blir behov for ny oljebehandling, sånn at den ikkje får komma til og trekka skikkeleg inn. Eg må tenka litt, og undersøka litt før eg bestemmer meg for kva eg gjer. Kom gjerne med innspel, vil tru at detta intresserer fleire enn meg.![]()