Har ståande ein XC90 som eg slit litt med.

Motoren går forsåvidt greitt, den har noko "snekkelyd" som betyr at ventilløftarane er slitt. Men det er neppe årsaken til at den ryk så fælt svart. Både ved pådrag og på tomgang.

Trykktesta innsugssystemet, ikkje funne noko lekkasje (forutan at det gjekk mykje luft i bunnpanna)
Lekkasjetest injektorar, virka relativt jevnt returfløde.
Koda ein skifta injektor som ikkje var koda inn i
ECU
'en.
Litt høg korreksjon på mengde på injektor 4 (den som er skifta). Heilt i grenseland 2.5mg.

Når eg koblar av stikket på injektor nr. 4 så sluttar den å ryke på tomgang.

Hypotese, dårleg kompresjon på sylinder nr.4 slik at den går alt for rikt på denne sylinderen sidan mykje av lufta enda opp i veivhuset. Nokon idear? Gått 265.000km.

Det store spørsmålet er igrunn om det er noko motor å bruke pengar på, eller om det tryggaste kanskje hadde vore å sett nedi ein som er frisk.