Kjøpte meg ein 850 no ein dag sidan eg fekk han so billig Det er ein 95-modell, registrert i 94, med 2,5 10v motor med 144 hk.
Bilen har blitt påkosta ganske mykje dei siste åra men er ikkje i spesielt god stand likavel, det er ganske mykje som ikkje er heilt bra, men det er nesten nye somardekk, dynamo, støtdempar, batteri, vanpompa, registerreim og ein del andre ting og EU-ok til april 2016.
Fantastisk god å kjøra, veldig stødig på styringo, faktisk hakket meir behageleg enn 940en, men det har kanskje mest med seta å gjera
Det er ikkje denne eg har tenkt å bruka pengane på, detta ska vera ein bil som eg kan bruka og slepp å vera so forsiktig med.
Ting som må fiksast:
Eksoslekkasje ganske longt framme, gjer at han går dårleg
Lav tomgong, går ikkje på tomgong når han er kald
Vanskeleg å få start på når han er halvvarm
Oljeforbruk
Litt småting.
Ting som er kjekt å få fiksa:
Spoileren datt av og ligg i bagasjerommet, setta den på igjen
fiksa eler skifta høgre framskjerm
Skifta hanskerom til eit som ein ikkje treng skrujern for å opna
Viss eg beheld bilen lenge:
Glastakluka
Lakk
og litt sånt
Detta vil eg prøva å fiksa med delar frå ein delebil me har sånn at denne kan brukast.
Som dåke ser er han ikkje nåke fin i lakken, klarlakken flassar og nåken plassar gjer lakken det og, men det er ikkje so mykje rust på han, og det pleier det vel som regel ikkje vera på dessa heller. Høgre framskjerm er vekrusta dar med skvettlappen, ellers er det berre småtteri so vidt eg har sett
Eg må jo prøva å få han til å gå sånn som han skal men ellers blir det nok ikkje gjort so mykje med han enno jaffall. nett no er det broren min som brukar bilen, snart må eg bruka han litt, so ska han lånast vekk til nåken som bur i Australia som kjem heim ein tur, kva som skjer etter det, om han blir vraka, selt eller om me kjem til å behalda han gjenstår å sjå. Har ikkje full oversikt over kva som må gjerast enno.
Sånn såg han ut når eg kjøpte han
Får komma med litt meir når eg får tid til å gjera nåke