Har ein Volvo 940 SE til salgs.
Bilen står på Holmefjord, Fusa kommune i Hordaland men kan visast i Bergen.
1993-modell
347000 km
B230 FD (nesten lik som B230F)
M47 manuell girkasse
Bilen vart eugodkjent ganske nyleg, hadde 3 2arfeil: rust i innerskjermane framme (2 hol), heng i bremsane framme og ein oljelekkasje som er so liten at eg ikkje skulle fått mangel på det iflg. ein mekanikar på ein annan verkstad, han godkjente bilen.
Delskinnseter
4x el. vindu
el. speil
Nesten skrukkefrie svarte dørtrek
Heilt nye kvitblink framme
Rutegrill
Ledningar til sub ligg klare for dei som måtte ønska det. (gjort av tidlegare eigar)
Nesten nye bremseskjever og klossar framme
Ein del av rattstammen er nyleg skifta
Registerreima er skifta for ikkje so veldig lenge sidan
Det følgjer med to sett med lettmetallfelgar, eit sett med forholdsvis fine felgar med brukbare sommardekk og eit sett med stygge felgar og sletne sommardekk.
Negativt:
Skade på høgre sida (riper over hjulbuen og på høgre bakdør (denne var bulkete frå før og er nok enklast å skifta).
Utvendig dørhandtak på førardøra virkar ikkje, er ein liten del der som er knekt.
Bensinmålaren virkar av og til
Feilkode 1-2-1 (Lmm) veit ikkje koffor for den fungerar fint. Bensinforbruket er normalt (ca 0,88 på mila) so eg har ikkje brydd meg om det.
Må lappast litt på eksosanlegget. Frå og med fremste potta og bak er det brukt universaldelar frå biltema, det vart gjort i vinter, framfor fremste potta vart det brukt eit flexirør fordi eg ikkje fant delar som passa til svingen dar, detta varte då i nesten eit halvt år før det rakna rett av.
Ellers er bilen i god stand. Lettstarta, påliteleg og god å kjøra. her slepp du å bekymra deg for rust med det første. Har hatt den på løftebukk og alt ser veldig bra ut under.
Eg pendlar med denne bilen til bergen og tilbake kvar dag (7 mil kvar vei) og kan visa bilen der viss det er ønskeleg .
Send PM eller ring meg på tlf 91246445, helst etter kl. 15.30 og før 22.00. Er ikkje alltid tilgjengeleg på telefon, viss eg ikkje svarar kan dåke senda ei tekstmld. so ringer eg tilbake.