Har eit merkeleg låsproblem på 2000 Ren, og eg mistenker at eg må til å bytte låsmodulen i døra.
Problemet:
Ved å låse opp bilen med fjernkontrollen, får ein ikkje opne førardøra med dørhandtaket. Ein må bruke nøkkelen også.
Når låsa går i BLL (Blokkert Lås Leie), så får ein ikkje bruke nøkkelen til å låse opp bilen, noko som er dumt, når det er berre ein dørlås og ingen straum på bilen. Bilen blir ikkje råd å ta seg inn i.
Er dette eit problem som andre har opplevd? Fann to referansar til dette på andre forum, men inga løysing.
Ser at det skal vere råd å drage ut litt diagnose frå alarmmodulen, men har ikkje multimeter/oscilloskop akkurat her no, så får ikkje gjort stort med det :(