enig der altså. hadde jo vært moro å reddet en 240 fra bosset, men denne vil kreve MYE tid og tålmod :)
Printable View
enig der altså. hadde jo vært moro å reddet en 240 fra bosset, men denne vil kreve MYE tid og tålmod :)
Det er det me driv og lurer på. hadde eg hatt ein verkstad med mykje utstyr hadde det jo vore greit, men eg har berre eit dårleg sveiseapparat utan gass, eg er ikkje spesielt flink til å sveisa heller og har ingen garasje. So det er vel eigentleg ikkje det:p
Der har du mange gode poeng, og det me driv med no er jo i grunn å leita etter ting å skriva på den lista:) Men so dukka det opp so mykje rust at me må først finna ut om det er verdt å fiksa eller om det kjem til å ta so long tid at det ikkje er verdt det. Når/viss karrosseriet bjynnar å bli brukbart med tida er jo resten berre kosearbeid og ikkje minst utruleg lererikt.
Ja, eg er redd det kjem til å kreva litt for mykje tid:( Men han ser jo sopass fin ut at det liksom blir for gale å hiva han og ja. Viss han blir fiksa kjem det meste til å bli gjort på "min" jallamekk-måte sånn som eg gjorde på 242en med golvet. På den vart det ganske vellykka so viss me gjer det med denne kan det nok gå an å ha billig bil nåken år:) Men det kjem til å bli mykje arbeid likavel. Men sett vekk i frå bakskjermane og venstre kanalen er det jo ikkje so håplaust. Hjulbrønnane skal m,e no endeleg klara å skifta på eit vis og golv har eg no fiksa hør so det kvir eg meg ikkje på.
Det er jo som du seier veldig kjekt å få han til å vara nåken år til. Og det er jo ikkje nåke det hastar å bli ferdig med. So me bjynnar ikkje å lappa sammen nåke før me har full kontroll på kor gale det er, og kanskje ikkje då heller...
Seier eg og:p Men det som er litt rart er at det er enten eller på denne bilen. Nåken plassar er det heilt vekkrusta, og andre plassar som det ofte pleier vera rust er det nesten ingen ting. Broren min for og kravla litt under han i dag og han sa at han såg nesten strøken ut under tektylen der han skrapte den vekk. So mykje av karrosseriet er bra og veldig mykje er veldig dårleg.
Se her ja, blir en jævel på sveiseapparatet etter den her hvis du fyrer i gang.
hehe
Hadde eg berre hatt eit skikkeleg sveiseapparat so:p Det hadde i alle fall vore utruleg kjekt å fått sveist han sammen gjen.
Har fiksa en som var nesten like gale, det var veldig lærerikt :) Men det tar lang tid og du må ha litt utstyr og mye ståpåvilje.
Skulle eg ha gjort det om igjen hadde eg bygd seriøs banbil i stede.
ja, er det verdt all tida det kjem til å ta? Kanskje viss me gjer det litt enkelt og ikkje heilt sånn som det skal gjerast. Det er i grunn utstyret som er største problemet. Ein vinkelslipar, eg har ikkje so mykje meir enn ein drill, vinkelslipar, hammar og eit fastnøkel og pipesett. Ikkje garasje heller so då går det nok ikkje so fort, men me er jo to om det. so det hjelper jo. Viss det ikkje hadde vore for at det er lererikt hadde det neppe vore verdt å fiksa denne.
Den eg fiksa bir jo vraka no... ca 1,5 år etterpå pga plassmangel og trenger deler. Så for min del var det egentlig ikke verdt det, da eg alikevell skal begynne på banebilen dette året. Og på den sal eg jo kappe vekk mye gulv og svise og sånt. Må jo regne med lit penger vist det skal gjøres skikkelig.
Har prøvd biltema apparat men vill anbefale noe dyrere vist du ska begynne
Ja det står eit gammalt sveiseapparat her men det har visst aldri fungert nåke bra. eg har ikkje brukt det men ifølge dei som brukte det før i tida var det problem med at tråden heile tida brente seg fast i munnstykket. Det er jo utruleg kva som går an å få til utan å sveisa viss ein brukar fantasien. Men enkelte ting må jo sveisast uansett. Men det er ikkje so veldig mykje so det kan henda det er meir lønnsomt å få nåken andre til å ta den jobben. Men me får sjå.
Det går vell an å få fiksa den litt på en videregående skole med kjøretøy linje vist du har en i nærheten.
Har sett mangen rare rust reperasjoner av biler, både 2x4, gaffe teip, papp og metal som kun har blitt sparkla fast.
Det at tråen sveisa seg fast i munnstykket hadde en venn av meg og problem med, men han brukte et eller anna sveise stoff for å hindre at det skjedde.
Om det brenner seg fast i dysa eller gasshylsa så reingjør alt godt, stapp hele tuppen på pistolen ned i en boks sveisepasta og gjør om på innstillingene dine. Høres ut som at de er veldig mye volt ute å går.
Oysann, bilen din ser seriøst verre ut ein gamal japanar eg hadde for lengesio. Var fryktelig mykje rust på den ja! :p
Eg går faktisk på kjøretøylinja på ein yrkeskule:) Men det er ikkje so mykje karrosseriarbeid dar, men viss me hadde klart å frakta han til ein plass dei har karrosserilinja hadde jo det vore svere greier.
Kunne prøvd litt sånn sveisepasta ja, men det er jo litt domt å kjøpa gassflaska berre for å testa om det funkar:p Men eg skal tenka på det. Onkelen min brukte det apparatet litt i gamledagar og han prøvde forskjelige innstilingar men fekk det ikkje til. Kanskje den sveisepastaen hadde gjort susen?
Då er det gale, og viss alt skal gjerast heilt skikkeleg har me nok jobb i årevis. Men viss me berre lapar detsamen sån at det skjer greit ut går det jo an å få han til å vara nåken år:) Men det er mykje rust der som det er rust, det er heilt sikkert.
Åja, gikk på kjøretøy da eg holdt på med min og, der kunne vi ta inn våre egne biler. Var ingen karrosserilinje men kunne jobbe med det du ville så lengde du gikk igjennom de viktige oppgavene.
Men det er jo helt forskjellig ifra plass til plass.
Kunne ha kappa av litt metall fra den eg skal hive men da tar de ikke i mot bilen...:mad:
Eg går i Norheimsund eg og me kan ta in våre eigne blar der og men det spørs om det blir tid til det, det er jo so mykje ant me må gjennom so eg tvilar på at me rekk på det. Me har no bruk for ein del metall, men tar dei ikkje imot bilen viss du har kappa vekk litt av han? Det trudde eg, men det kan godt henda du har rett. Men ellers hadde det jo vore veldig flott for meg å fått litt metall for det treng eg:) Og so bur du jo i Hordaland og ser eg so då hadde det jo past veldig bra.
Åja har litt slekt i Nordheimsund så er der innimellom, så kan ta med litt metall vist eg får kappa noe.
En venn av meg fikk ikke kappa noe av bilen og det står på siden til NGIR. Men skal inn til de neste uke og spørre siden eg skulle hatt litt sjøl og.
Men eg må vell lever til høgger vist eg skal få kappa noe av den og det er jo ingen som er nærme akkurat.
Edit: fant dette på en anna sideså kan hende at det går, men de har vell sitt eget system.Sitat:
Bilen leveres med hel, og ikke oppdelt ramme, chassis eller selvbærende karosseri, hvor understellsnummeret er preget, jamfør § 10 i forskrift om kasserte kjøretøy av 26. juni 2002.
Litt metall hadde vore fint, men ikkje viss det blir mykje styr for deg:) Då kan eg heller gå i stålkonteinaren på ein verkstad og få meg eit gammalt panser eller nåke som eg kan bruka.
Då var det på tide med bilde frå dei siste dagane.
Her har eg skrapt litt VB og det er godt å sjå at det er nåken plassar som ikkje er rusta på han:)
http://forum.vccn.no/
Etter endo meir hakking og skraping:
http://forum.vccn.no/
Golvet har det ikke skjedd nåke meir med
http://forum.vccn.no/
Sånn vart det etter lit meir graving
http://i1226.photobucket.com/albums/...1/CIMG4185.jpg
Me er snart ferdige å skrapa i høgre innerskjerm
http://i1226.photobucket.com/albums/...1/CIMG4197.jpg
Det bjynnar visst å nerma seg på venstre sida og:)
http://i1226.photobucket.com/albums/...1/CIMG4215.jpg
Litt rust, ja:p
http://forum.vccn.no/
So måtte me fram med vinkelsliparen i går. Me bjynte på høgre sida bak og kappa vekk det som var gjennomrusta.
http://i1226.photobucket.com/albums/...1/CIMG4221.jpg
http://i1226.photobucket.com/albums/...1/CIMG4225.jpg
Imens tok eg av dørtrekka bak og det viste seg at det på høgre sida ikkje var heilt tørt
http://i1226.photobucket.com/albums/...1/CIMG4234.jpg
På baksida var det vått og mygla so det har heilt klart vore mykje vatn inni dar, det forklarar kanskje koffor vindussveiva og dørhandtaka var so trege dar.
http://i1226.photobucket.com/albums/...1/CIMG4230.jpg
Resultatet av kappinga:
http://i1226.photobucket.com/albums/...1/CIMG4236.jpg
http://i1226.photobucket.com/albums/...1/CIMG4237.jpg
http://i1226.photobucket.com/albums/...1/CIMG4240.jpg
So no gjenstår berre litt sliping, maling og so å tetta hola før me er ferdige her, men me ventar med det til me har tatt dei vanskelegaste plassane, for ellers risikerar me at det blir bortkasta viss det blir so gale ein an plass at me må gje opp. Det kan jo skje sjølv om eg ikkje trur det.
Godt å sjå at dåke tar fatt på rusta :)
EDIT: Den er jo så rusten at man kan sjå ramma innante bilen :D
Stemmer det ja:) I går kveld bjynte me litt på andre sida og. Men det blir nok ikkje lappa i her før me veit at me får til dei vanskelegaste plassane. For viss det ikkje går er jo alt mehar gjort før det bortasta:p
For å vere litt realistisk, så er det berre å sende denne på skroten. Om du har lyst til å gjere slikt arbeid, så er det 100 andre 240ar som ropar på deg, som ikkje er eit like ille utgangspunkt, er du heldig, så kan du kanskje slå kloa i ein spesiell 240 også :)
Han høyrer jo eigentleg heima i bosset, det er det ikkje tvil om. Men det er aldri kjekt å hiva ein gamal Volvo:) Ein an fordel med denne er jo at det ikkje er nåke å vera redd for, han er jo ikkje verdt mange kroner likavel so her kan me berre prøva oss fram sånn at me har litt meir erfaring når me ein gong går laus på neste prosjekt, som kanskje blir ein litt meir spesiell bil:)
Det har du veldig rett i :) Om ein ikkje startar med å tru at ein skal få ein dønn strøken bil av noko slik, så treng det ikkje å verte så dyrt å drive på med.
Men desse bileta du har teke, visar veldig godt kvar det rustar på desse bilane. Er nok saltet som har teke den.
Når e såg han første gongen tenkte eg at denne skal me få strøken, men det slo eg frå meg når eg såg kor mykje rust det var. No er eg fornøgd viss me får han til å henga sammen sånn at han kan brukast i alle fall nåken få år til:) Og du har heilt rett i at det ikkje treng bli so dyrt. Viss eg lagar til dei fleste stålplatene sjølv og kjøper kun dei vanskelegaste delane treng det ikkje kosta mykje. Me må jo ha litt arkanol, rustkiller, slipeskjever til vinkelsliparen og litt sånt og, men ikkje stort meir enn det for å få karrosseriet brukbart. So det treng ikkje kosta mykje pengar:)
Dessa bilda viser godt hen dei rustar ja. Hjulbrønnane på han er dårlegare enn dei ser ut og golvet har vore rusta i både denne og 242en, som ellers er nesten rustfri(trur eg:) )
Han er DE-registert so då er han vel frå oslo? Og der saltar dei jo mykje. Kor lenge han gjekk der veit eg ikkje, men dei siste 10-12 åra har han vore nåken år i Alta og ein del på Vestlandet før han vart ståande ute i to år- på vestlandet. Bakluka ser ganske grei ut faktisk:) Berre lit rust nederst på kanten og nåken flekkar under ruta. Det ernesten litt rart når det er so myje rust på bilen.
Det er mykje rust i Oslo, men veldig mange Oslobilar hamnar fort i andre plassar av landet, så det er lite å rette seg etter. Min første bil var DC-registrert, men trur den stort sett hadde gått på Sunnmøre, deretter vart det DJ, den går no i Sogn og enda ein DJ, den er vel i Bergen, etter at den har fore litt rundt, deretter ein BP, som vi har enno og ein SU som kom til austlandet. DK-bilen har gått her heile tida, og CE-bilen, som er lokale skilt, kjøpte eg i Gudbrandsdalen (gjekk som drosje på Strømmen).
Har inntrykk av at sjølufta på ein del plassar på vestlandet er styggare med bilane enn Oslo, for begge to er vasken veldig viktig.