Opprinnelig postet av
Øygard
Detta er ein gledens dag! No har eg hatt lite tid til denne bilen i det siste, og so har eg dreve og rydda og prøvd å få litt system i "garasjen" men i dag bestemte eg meg for at eg skulle setta sammen bilen. Eg har jo skifta til ein heilt ny radiator, vannpompa er ny, eg sette i ein heilt ny termostat i dag og temperatursensoren skifta eg for eit par veker sidan. Eg fylte på litt vatn og starta opp. Eg håpte at han ikkje skulle gå seg varm no, temperaturmålaren begynte å stiga ganske fort, og han gjekk forbi det som er normal driftstemperatur, so eg tenkte at problemet var der enno, men eg lot han stå og gå litt til for å sjå om han faktisk blei so varm som målaren ville ha det til. Målaren stoppa litt under det raude og steig ikkje meir, so det vil sei at han ikkje går seg varm lenger, og på denne motoren var det nok berre temperaturfølaren som lurte meg. Prøvde å ohma han og den hadde mykje mindre motstand enn den nye, men no er i alle fall det problemet løyst og det hjelpte ganske mykje for motivasjonen, og det trengs for det er mykje meir å ta tak i :)
Eg kjøpte meg ein an forgassar og i sommar, som eg sette på, den skulle visstnok "fungere utmerket". Den var no betre enn den som høyrer til motoren i alle fall. Denne er frå ein 79-modell og er litt annleis enn den på 77 og 78-modellane, 79-modellane har luftfilteret framme attmed radiatoren, 77-modellane har luftfilterboksen skrudd rett på forgassaren. Det gjorde at luftfilterboksen og chokewiren kom litt i veien for kvarandre og i tillegg er det veldig trongt mellom den og bremseforsterkaren der ledningsnettet går sånn at den "slangen" som ledningane går inni har blitt slete hol på
Det blir nok til at eg flyttar luftfilteret fram der som det er på dei litt nyare, det er ei mykje betre løysing.
Sånn swer luftfilterboksen ut, dei har lett for å opna seg litt, eg har brukt stroppar og teip på den tidlegare :p
Nytt luftfilter
Eg trur det var ei god investering
Det er nok spenningsregulatoren til bensin og temperaturmålaren som gjer litt for høg spenning og får bagge målarane til å visa for mykje. Her har eg normal driftstemperatur og nesten tom tank.