Vårt dårleg med det, men låg rett veg :)
Printable View
får ta av pynten å legge det på taket igjen ;)
Auriga felgene hen da? :)
Dei kjem på når eg forstår eg treng piggdekk :)
Eimen av brent olje la seg i garasjeanlegget, og eg tok til å mistenke at dette kunne eg ha noko med å gjere:
Vedlegg 2637
Reknar med at det er halvmånen i toppen som har gitt seg etter 21 års teneste. Olja har hatt seg ein fest på eksosanlegget, har sikkert vore kjekt å vore bak meg i dag ;)
Vedlegg 2638
Tydelegvis ikkje den einaste havaristen, er det eit hint om at det er 20. mars i dag?
Vedlegg 2639
hehe, uansett flott bil ;)
Men korfor skulle den gi seg? Det mest nærliggande å tru, er at veivhusventilasjonen er dårleg, og/eller høgt trykk i veivhuset. Huskar ikkje om eg kompresjonstesta denne motoren, men skadar nok ikkje å sjekke det.
Er ikke halvmåne på de "nye" toppene (de til 230/200 blokk) men et blendelokk/blendeplugg. Er naturlig å tenke på veivhusventilasjonen ja, da disse pluggene ikke er å anse som slitedeler.
Ja, stemmer nok det er heil runding ja, med tanke på at det skal vere ein fordelar der.
Får sjå om eg får den heim i dag, og rive ned oljefelle og sett korleis det står til der.
Blendelokket som har sprekt vil jeg tru :) Bakelitt som er gammal og sprø :) Dra 3 lag med gaffa-tape bak der ;)
Svært sjeldan med 240 som har Airbag OG ABS..
Flott bil :)
Skjedde noko det samme med ein B230 motor eg hadde, då var veivhusventilasjonen potte tett. Måtte kjøpe nytt rør for massen som var inni røret var steinhard... :p
Snakka forresten med han med BMWen der, han hadde både ein 760 og ein 960 som han også veksla på å køyre, så me hadde oss ein god volvoprat medan eg venta på ein kompis skulle kome med olje :)
Og sekssylindret BMW også... :p
Det høres nesten utruleg ut, men denne har også fått litt omsorg no:
Svarte og heile dørlommer, kjøpt av volvo:
Vedlegg 2749
Vi passerte eit lite jubileum:
Vedlegg 2750
Sluttar aldri heilt å forundre meg denne bilen som har kun vore følgt opp på Bilia Økern, korleis klarar ein å gjere dette med spennrulla til kamreima?
Vedlegg 2751
Fabrikksny A-kam på plass:
Vedlegg 2752
I og med at eg ikkje hadde shims og ikkje fekk justért ventilane, gjekk bilen som ei bøtte møkk og var komplett ubrukeleg. Hadde lav komp på sylinder 1, der treng ein nok å gå over justéringa. Så vart VX-kammen montért tilbake, og plutseleg hadde eg bil som fungerte igjen :)
Bytta lykteglas og reflektor i venstre lykt, heldigvis den som var gammal og sliten.
Vedlegg 2756
Ein del sår i denne etter lang og tro teneste:
Vedlegg 2757
Desse små, dyre (50 kr/stk) og umoglege plastbitane til reflektoren er nok greitt å få med seg, delenummer for dei som treng:
Vedlegg 2753
Plukka av dei stygge billige fjernlysa som ikkje tolte å få snø på seg og aldri var i rett posisjon:
Vedlegg 2754
Ny reflektor og ingen fjernlys, plukka ikkje av festa på ekstralysa, for tenkte eg skulle få tak i nokre orginale Volvolampar der i staden:
Vedlegg 2755
Ser ut som du må tørke litt støv i instrumentpanelet. :-p
Fint med nye deler. :)
Sendt fra min Note II
Skal du fortsette å ha denne, eller...? :p
Treng jo ein vinterbil seinare også, men klarar nok å finne noko morsomt
Klem på et sett med Monroe Sense-a-track dobbeltvirkende gassdempere på den :) Da blir den behagelig :)
Har i grunnen sansen for oransje de carbon og bilstein sport, som burde vere mykje like demperar.
Kva fancyness er det Monroe demparen byr på?
Hadde tenkt å sette på Volvo senkesettet eg har, men trur dei fjærene skal sparast som orginaldel til ein orginalturbo i staden, så kan denne få Lesjöfors. Eller fins det nokon gode alternativ der?
Kjøpte eit sett med galaxy med gode Michelin dekk på med volvojinta.
Galaxy blir aldri feil :-)
Vedlegg 2886
På tide med ein liten poleringsrunde? :) Blei bra med nye felger.
Den raude med orginale fjøyrer og den blå med lesjöfors:
Vedlegg 3311
Trur nok fjøyrene på den raude skulle fått fri snart.
På tide å få denne på vegen igjen, har stått på bukkar i godt over ei veke no.
Lekkasje frå vasspumpe, så ny orginal vasspumpe er handla inn.
Eksoslekkasje av den litt spesielle sorten: Vedlegg 3767
Greitt å ha litt delar liggande :-)
Har så godt som vore bremselaus bake, fann ingen rust på stempel, men eit eller anna er der nok, sidan støvtetningar har vorte harde og beskyttar ikkje lengre. Så etter 21 års teneste kan dei få fri. Nye byttekalipper frå Volvo er ikkje meir enn 800 kr frå Volvo med vår rabatt.
Så nye skiver framme, klossar rund baut, monteringssett framme og bake, og nye kalipper bake burde funke gjennom vinteren:
Vedlegg 3768
Vedlegg 3769
Burde gjøre susen det ja :)
Rulla eit stort tal i dag: Vedlegg 3797
Kjenner på at det trengs nye demperar no.
Skal vi anta at du kjørte i 4. gir på det tidspunktet? :D
Trygdespak her. Så turtall og fart stemmer ikke helt med 4 gir på manuell kasse ihvertfall ;-)
Her er det vel overdriven, ingen fjerdegir her, AW71-kasse, som er inne. Er temmeleg lavt turtal i 80 km/t på denne.
Ola er berre misunneleg på mitt fine japanske urverk, han må ta seg til takke med verket til ein grovsmed frå Köping :-D
Hehe;-)
Da ble det selvfølgelig noe annet. :p
Ja, hvis belastningen er lav nok, kommer den vel ned i 1800-1900 i 80?
Med tanke på automatkasse og turtall, jo da.
Den grå 245en har også automat (etter alt å dømme ettermontert...), men den "vil ha" litt høyere turtall i 80 vanligvis - da har den etter hva jeg oppfatter ikke "giret seg helt opp" ennå.
Samme dekkdimensjon på mine to, og det skal det nok vanligvis være på 244 og 245 av senere årsmodeller. Har inntrykk av at forholdet mellom fart og turtall på 245en er så godt som likt med 244en bare den kommer opp i litt mer fart (90-100).