Hei! Eg er ny her, men har vore passiv tilskuar i nokre år. Har henta mykje tips og råd herifrå, men no står eg litt fast.

Har ein 2007-mod V70 2,4 D (D5244T7) med ein eller annan feil på motoren. Skal prøve å beskrive symptoma:

Bortfall av motorkraft ved pådrag med påfølgande "Motorservice erfordras" og gul motorlampe. Feilen har oppstått så lenge eg har hatt bilen, og kjøpte den vel forsåvidt med feilen. Dog var røret frå turbo mot intercooler sprekt, så tok vel ein (u)kalkulert risiko på at feilen låg der. Feilen kjem stort sett ved kvar tur der eg brukar pådrag, spesielt ved lavare turtal der motoren må jobbe litt. Enkelte gangar kan eg ligge i 3.gir (av og til 4.gir) i motbakkar og motoren dreg som berre juling. Om eg ved 80 km/t ligg i 5.gir og prøver meg på forholdsvis slakke stigningar dauar den berre vekk og eg må gire ned. Som regel dreg den godt om eg girar ned, og må ofte "lirke" litt med gassen for å unngå at den dauar vekk. Rart kva ein lærer seg til å leve med, og køyrestilen er nok etterkvart tilpassa bilen. Uansett hender det ein sjeldan gang at den ikkje har noko kraft i det heile tatt, og kan ha problem med sjølv å ta laust i 1.gir. Men som regel merkar eg mest feilen om eg skal dra på, og spesielt ved høgare gir ved lavare turtal. Akkurat no er feilmeldinga i displayet borte, men reknar med den nok ein gang kjem igjen om eg belastar motoren tilstrekkeleg. Eksosen er for øvrig normal, dvs ingen røyk av verken lys eller mørk farge. Tilsynelatande ingen lekkasje ved dysene.

Har hatt den hos Volvo for feilsøking, men amatør som eg er har eg ikkje bedd om å få feilkodane. Volvo meiner det kan vere mykje som er årsak, men peikar på øydelagte spjeld - noko som er kun ein teori for dei. Armen til spjeldmotoren er bytta og systemet er justert av Volvo etter bytte. Fungerer tilsynelatande normalt, men eg veit jo ikkje korleis det ser ut under toppdekselet sjølvsagt. Har sjekka for det klassiske oljesølet ved intercooler, men meiner eg ikkje har funne noko. Kan vel hende det er lekkasje der likevel, men til no har eg ikkje sett noko som gir grunn til mistanke.

Har bytta turbotrykksregulatoren, meiner at vakuumslangane er ok, har forsøkt å klemme av vakuumet til motorfesta, har rensa EGR (ikkje utrovekkande nedsota i forhold til andre EGR-ventilar eg har rensa på andre bilar), har bytta rør mellom turbo og intercooler, dieselfilter blir skifta hyppig (ja, luftfilter og), LMM er bytta osv.

Nokon som har gode tips til kvar ein skal fortsette med feilsøkinga? Har ein mistanke om at feilen er elektronisk sidan den oppstår intermitterande, men det er store mulegheiter for at eg tek heilt feil. Gjer no eit forsøk på å bytte temp.sensoren på eksosen, den sensoren som sit bakerst av dei to. Om dette hjelp veit eg ikkje, men det kan bli dyrt om ein skal bytte deler på måfå i håp om å ein vakker dag treffe.

Er takknemmeleg for alle innspel!