Hei! Har ein S70 GLT 2000 modell USA utgave som har gått 250000km og har hatt ein "Check Engine" lampe ei stund no. Etter å ha tatt ein utlesning forteller den at det er "Big Leak", har ikkje feilsøkt det meir då bilen gjekk heilt fint og ingen tydlige AKTIVE lekasjer. Veit heller ikkje om det her har ein samanheng. Fekk sjekka under bilen på verksted med lift og dei trudde toppakninga var gåen, var mykje olje bak blokka. Men so lenge eg ikkje hadde noken andre tegn til at toppakninga var gåen og passa på kjøleveske + temp målaren gjekk det bra.

Plutselig ein dag då eg skulle starte den kom det bankelyda frå motor, fant ingen nye feilmeldinga med
OBD
men har ikkje feilsøkt noke meir enn det. Bankelydane avtar på noken turtall som 3000 men er tilbake på 3500, vekke på 4000 osv. På tomgang er det bankelyd som kjem og går. Kraftig banking slik at du ser rattet rister. Når eg opnar oljepåfyllingslokket kjem det røyk ut, olje og kjøleveskenivå har gått ned. Kjem også kvit røyk ut frå eksos. Temp måleren har ikkje gått over halvveis enda!

Fekk pristilbud på 24000,- for å bytte toppakning, so det blir å gjere det sjøl når det blir litt varmare ute. Fant ein how-to på youtube med samme bil + ein for 850 på matthewsvolvosite. Men med tanke på bankinga kan det vere ventila som er gåen? Noke anna eg bør bytte menst eg har toppen demontert? Noke spesialverktøy eg burde ha til feilsøking og/eller demontering?

Eg er ikkje ekspert på motor og trenger derfor litt tips når eg skal begynne på det her. Er det verdt å fikse?