Etter å ha køyrt mange år med S80 og V70 der eg har hatt montert 2-DIN og ryggekamera kjenner eg på savnet i 2015-modellen min.
Slik eg har forstått det kom aldri V70 med ryggekamera, men ser på nettsidene at det finns kit for ettermontering. Kjøpte bilen min hos Frydenbø Bilsenter Sør i fjor sommar, men dei ville ikkje montere dette originale settet, då dei meinte det ikkje ville fungere..
Er det nokon som har erfaring med ettermontering, eller har gjort det?
Originalt, eller noko av uoriginalt fabrikat?