Hei godtfolk på forumet!

Har ein 940 1995-modell der eg opplever problem med vanninntrenging utenifrå, der vatnet samlar seg opp framme på førstesida under teppet. Væsken er smaklaus, trur det er vatn då eg ikkje kan sjå tegn til kjølevæskelekkasje. (Bytta varmekran for ca halvanna år sidan).

Ser det er fleire som nemner på at lufteluka under A-stolpe kan vere synderen, men kan ikkje sjå tegn til vassinntrenging der. Finner heller ikkje tegn til nedrenning frå andre kantar.

Har hatt litt lekkasje ei stund, virker som det trekk inn meir vatn ved mykje regn. Merka det spesielt godt no, då bilen stod i ro i 5 dager og eg venta på nytt startbatteri. Har verken soltak eller AC, så mistenker det kan vere noko med frontrute eller drenering ein eller annan plass.

Har lagt under nokre aviser fram til vidare, så blir det å feilsøke nærmare til jul då eg har tilgang på garasje.

Alle tips og forslag mottas med STOR takknemligheit.

Mvh Nils